Respektprogrammet

Respekt er eit skuleutviklingsprogram som kan hjelpe skular med å utvikle det faglige og psykososiale læringsmiljøet og redusere uønskt åtferd.

Prinsippet i Respekt er å oppnå målbar endring i elevåtferd gjennom å utvikle læraranes og leiinga sin handlingskompetanse. Utvikling av kunnskap og ferdigheiter i klasseleiing er ein bærebjelke i programmet. Ei viktig målsetting er utvikling av kollektivt autoritative vaksne.Bilderesultat for respektprogrammet

Arbeid i høve til mobbing, konsentrasjonsvanskar og disiplinvanskar er også primære innsatsområder. Dette er problem som ofte er ein stor del av skulekvardagen, og desse problema har negative effektar både for einskildpersonar og for grupper. Resultatet er dårlegare trivsel og læringsutbytte.

Respekt-programmet handlar om breidde. I tillegg til å jobbe mot fleire typar problemåtferd, involverer programmet mange aktørar: både lærarar, assistentar, skuleleiing, elevar og foreldre. Breidde viser og att på innsats på fleire nivå: tiltak på skulenivå, klasse, gruppenivå og individnivå.

Respekt-programmet består av kurs, rettleiing og eige arbeid på skulane. For at skulane skal lukkast med arbeidet, er det viktig at det vert sett av tid og at trykket vert halde oppe

Les mer om Respektprogrammet på Læringsmiljøsenteret sine nettsider.

Kommentarer

Legg igjen en kommentar